Tor Olav Naalsund

2. kandidat, forhåndskumulert

Tor Olav Naalsund, 2. kandidat, forhåndskumulert

Født: 1974.

Yrke: Tindevegleder og småbrukar.

Yrket mitt gir meg å høve til å arbeide med mennesker og med balanse i natur. Det gir meg også daglig påminning om kor langt vår (negative) påvirking på natur er komme, både i haldning og handling. Denne innsikta har gjort meg politisk aktiv i det partiet eg meiner best kan løyse dei store utfordringane våre knytta til tap av natur og naturmangfald og klimaforstyrring.

Eg trur vi gjennom nøktern og klok forvalting av natur, basert på både gammel og ny kunnskap, kan skape bærekraftige lokalsamfunn og storsamfunn. Eg trur ikkje løysinga ligg i fortsatt gigantkonsum av ting og evig økonomisk vekst. Vi kan ikkje løyse eit problem med å tenkje på same måten som skapte problemet. Derfor må vi endre kurs og være åpen for nye måter å tenkje på, både rundt mat, arbeidsliv, fritidsliv, boformer, transport med meir.

Kvar enkelt av oss kan heller ikkje sitte å vente på at kursen skal bli endra for oss. Ingen kan gjere alt, alle kan gjere litt.